Vi startar dagen med eit barneløp (0-12 år) rundt Lilleåsen kl.13.
Løypa for 5km og 10km går langs Lille- og Storevatnet, over bruene ved Kystmuséet til Brendøya (vendepunkt 5 km). Og for dei som spring SFE-mila, vil Sørstrand folkepark med holmar, bruer og ei utsikt der hav møter himmelen i vest, bli ein del av traséen. Start og mål på Florø stadion.