Sport på TV | Tour de France | Fotball EM kvinner | U23 EM friidrett Bergen | Sportsidiotens nyhetsbrev| Alle resultater

Resultater Mensen Ernst Minneløp 2025

Lignende saker

Startlister og resultater Mensen Ernst Minneløp som arrangeres 28. juni 2025.

Publisert 28. juni 2025 i Resultater

Mensen Ernst Minneløp 2025

Dato

28. juni

Sted

Fresvik – Vestland

Distanser

1,5km | 3,5km | 6,5km | 12km | Stafett, 4 pr. lag | 400m barneløp | 400m barnevogn-løp | 400m rullestol-løp

Startlister

Resultater

Istanbul-Calcutta t/r

Munchen-Nauplia

Paris-Moskva

Mot Nilen sine kjelder

Om løpet

Mensen Ernst minneløp er eit løp for absolutt alle, eit arrangement som blir tilrettelagt med sikte på helse- og trivselsformål meir enn på konkurransar og prestasjonar. Her fokusera me på god stemning, rørsleglede og personleg meistring! Gå eller spring. Uansett alder, form eller erfaring er dette løpet perfekt for akkurat DEG!

Hjemmeside

Høydeprofil

Værmelding

Historikk

Løparen Mensen Ernst, opprinneleg Mons Monsen Øyri, blei født og oppvaksen i Fresvik i Sogn. I 1795 kom han til verda, og var yngstemann i ein søskenflokk på 6. Familien satt i trange kår, og det blei ikkje lettare av at faren til Mons døyde berre månadar etter at Mons var fødd. Det finnes lite informasjon kring barndomsåra til Mons, men me veit at han blei konfirmert den 5.august i 1810 i den eldgamle Rinde stavkyrkje. Vidare gjekk han i lære hjå broren som smed i Bergen, allereie som 14-15åring.

Etter ei kort tid i smedlæra starta Mons Monsen sin yrkeskarriera som sjøgut og styrmann. Her skal han ha vore sjømann på fleire skip som frakta han verda rundt. Blant anna segla han til Middelhavet kor han besøkte land som Egypt, Hellas, Tyrkia og Malta. Sidan kom han til fleire verdsdelar, og segla blant anna rundt Kapp det gode håp og Madagaskar, og vidare til India, Australia og Kina. På ein ferd i Sør Afrika og Kapp-provinsen har me dei første kjeldene på Mons sitt løpartalent. Han forbløffa sitt skipsmannskap ved å vera med på eit lokalt kappløp kor han enda opp med overlegen siger. Mons Monsen fann såleis ut at han var lei av skipslivet, no ville han kryssa byar og land, hovudstadar, skogar, vidder og fjell ved hjelp av sine eigne bein. Då Mons var blitt 23år gammal, i år 1818 la til kai i London, mønstra av og forlot tilværelsen som skipsmann.

Les resten av historien om Mensen Ernst her

Flere resultater

Alle resultater