Startlister, informasjon og resultater fra Skjold På Tvers som arrangeres søndag 6. april 2025.
Skjold På Tvers 2025
Dato
6. april
Sted
Skjold, Vindafjord – Rogaland
3,6 km | 12 km | 23,8 km
Startlister
Resultater
Om løpet
Vårens vakraste eventyr – bli med!
Søndag 6. april 2025 er det klart for det populære tur- og terrengløpet som tek deg med ut i naturen og gjev deg ei fantastisk oppleving – ein perfekt start på våren!
I år har vi justert løypa litt og lagt delar av traseen utanom Torefjell, Valåsen og Søljåsen. Haukaberg er ny «topp» med flott utsikt over Skjold. Det gjer ruta litt mindre krevjande, men framleis ein flott tur gjennom vakre omgjevnader!
Vel utfordringa som passar for deg:
• Full distanse: Start ved Vikaneset med registrering, før buss tek deg til Hodnafjellet i vest. Derfrå ventar ein spektakulær tur over sju toppar og om lag 21,5 km tilbake til målgang på Vikaneset. Bussane går frå SA til Hodnafjellet mellom kl. 08:00 og 11:00.
• Halv distanse: Vel om du vil starte eller avslutte ved Dalavik – ei perfekt løysing om du ønskjer ein litt kortare tur.
• Familieløypa: Ei koseleg og lettgått rundløype på Vikaneset, perfekt for små og store som vil nyte ein fin dag ute.
• Eliteklassen: For dei som likar å presse seg litt ekstra! Fellesstart kl. 13:00, med tidtaking og pengepremiar til dei raskaste.

Set av datoen og bli med på ein fantastisk dag i naturen!
Løypekart