Startlister og resultater for SSF Cup sprint Leirdalen lørdag 17. februar 2024.
Publisert 17. februar 2024 i Resultater
SSF Cup sprint Leirdalen 2024
Dato
17. februar
Sted
Leirdalen skiarena – Vestland
Stilart
Sprint klassisk
Om rennet
ALLE går prolog i lang løype ca. 800m. Dei eldste klassane startar fyrst, og dei yngste til slutt. 30 sek intervall. Deretter er det finaleheat.
Aldersklassane 10 år og yngre går ikkje finalar.
Frå 11 år og eldre blir det sett opp finaleheat basert på prologtid og alle skal gå totalt 3 heat. Vinnar i aldersklassane blir basert på poengsystem etter plassering/heat. Ved lik poengsum vinn den som har best prologtid.
Finalerundane starter ca klokka 12:30 med aldersklassane 13 år og eldre, som går lang løype (ca 800m). 4 stk i kvart heat der vinnar rykker opp, sisteplass rykker ned. Heat med svakaste tider frå prolog startar fyrst, beste prologtider til slutt.
Etter klasse 13 år og eldre har gått sine heat går klasse 11- og 12 år kort løype (ca 350m). Svakaste tider utgjer første heat, og beste tider utgjer siste heat. Same system med 4 i heatet der fyrsteplass rykker opp og sisteplass rykker ned.
Kåring av vinnar etter poengsystem. Vinnar i beste heat får 1 poeng. Nr. 4 i beste heat får 4 poeng. Vinnar i nest beste heat får 5 poeng og sistemann i det heatet 8 poeng osv. Alle 3 finaleheat blir summert og vinnaren er den som har lågast poengsum. Viss to har lik poengsum så vinn den med best prologtid.
Invitasjon
Hjemmeside
Værmelding

Flere resultater