Sport på TV | Fotball EM | Sykkel NM Bodø | Veteran NM friidrett | NM Friidrett Sandnes | Tour de France| Alle resultater

Resultater Stord Topp 8 2024

Lignende saker

Startlister, informasjon og resultater fra Stord Topp 8 som arrangeres søndag 26. mai 2024.

Publisert 26. mai 2024 i Resultater

Stord Topp 8 2024

Dato

26. mai

Sted

Stord – Møre og Romsdal

Distanse

17 km

Startlister

Resultater

Om løpet

I friluftslivets år 2015 kjem Stord-Fitjar turlag med eit heilt nytt tilbod til medlemmer og andre turgåarar. Søndag 14. juni arrangerer nemleg laget for første gong ein tur over åtte fjelltoppar, som me håpar skal bli eit fast innslag i programmet i åra som kjem. Alle turglade får dermed ei ny utfordring som me håpar vil bli sett pris på.

Toppturen er tilrettelagt slik at alle skal kunna gå han, born, vaksne, familiar. Dessutan kan bedrifter, lag og organisasjonar stilla med så mange deltakarlag dei måtte ønskja, og eventuelt konkurrera innbyrdes. Om nokon tykkjer åtte toppar blir i meste laget, kan dei velja å gå berre dei fire første og så attende til mål.

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km.

Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.
Første topp er Stengjelsheddo, 529 moh. Stien går bratt opp Stengjelsdalen før terrenget blir meir småkupert mot toppen. Vidare går turen bratt ned Bortnadalen til Vaulane og deretter opp Ravasslio til topp nummer to, Budalsfjedlet, 526 moh. Så vert det ned til Breidalsleitet og opp til topp nummer tre, Stavalifjedlet, 511 moh. Til neste topp går først stien nordover langs Stavalifjedlet og deretter ned til Aravatnet, passerer Aratjødno og stig opp til topp nummer fire, Sørliknatten, 480 moh. Herifrå går det lett ned til Sørlileitet.

Dette blir eit viktig stikryss. Dei som har valt å avslutta etter dei fire første toppane, går no ned til Tysevatnet og følgjer stien langs dette, og deretter opp Steinasmåget og ned Tyseskaret til mål ved Lundsæter. For alle andre går turen nordover mot Store Tjødnadalen, men før sjølve dalen, ved kanten av ei stor myr, går stien bratt sør-austover opp fjellsida til topp nummer fem, Skårafjellssåto, 665 moh. Vidare sør- austover er terrenget småkupert med lett stigning opp til topp nummer seks, Skårafjedlet, 691 moh. Liknande terreng og same retning er det og til den nest siste toppen, Nibbo, 700 moh. Siste toppen, Stovegolvet, 703 moh., ligg i sørleg retning frå Nibbo, og i rimeleg lettgått terreng.

Den tilrådde turen attende til mål går først nord-austover langs ryggen av Stovegolvmassivet, deretter ned mot Fossabrekko og på skrå ned denne til stikryss, så sørover til Kyviksæter og Lundsæter. Svært mange av dei som har vore oppe ved det restaurerte tårnet på Stovegolvet, har brukt denne skråvegen.

Stord-Fitjar turlag satsar mykje på at turen skal vera trygg for alle. Difor plasserer me vakter med førstehjelpskompetanse på alle toppane, og ved Aravatnet blir det saftstasjon.

Hjemmeside Facebook

Værvarsel

Flere resultater

Alle resultater