Gaular IL løpskarusell inviterer til eit siste «sprell» for sesongen, med eit kort motbakkeløp opp bakken til Stordalen.
Start ved bommen og mål på toppen ved busskuret der det flatar ut. Ca 2km og 200 hm. Du kan delta med eller utan tidtaking (med tidtaking frå 11 år) Startnummerutdeling ope frå ca 14.00 Intervallstart ein og ein med 30 sek mellom kvar startande. Første start med tidtaking kl 15.00 Utan tidtaking startar når ein vil, men gjerne litt før for å lage litt stemning og heie i bakken
Vi håpar å få til kiosk og god stemning ved målgang!