Startlister, program og resultater Trollenykjen Opp som arrangeres 29. juni 2025.

Publisert 29. juni 2025 i Resultater

Trollenykjen Opp 2025

14. utgave

Dato

29. juni

Sted

Nordfjordeid – Vestland

Distanse

4 km – 888 høydemeter

Påmeldte utøvere

Resultater

Den 14. utgåva av Trollenykjen Opp blei prega av friskt vestlandsvêr. Store nedbørsmengder og kraftig vind på toppen gjorde det til eit krevjande løp. 27 utøvarar stilte til start og trossa dei vanskelege forholda. Tørres Bjelland Nøstdal sikra heimesiger til Eid IL i herreklassa. Han vant med tida 39:43. Håvard Klakegg frå Jølster IL blei nummer to med tida 40:34 og Sigmund Aasen Kvalheim, Måløy IL, sikra seg tredjeplassen på tida 40:39. I dameklassa var det skiskyttar Emile Flo Stavik, Markane IL, som var sterkast. Vinnartida hennar blei 45:36. Bodil Ryste, Gaular IL, tok andreplassen på tida 48:34. Det er ny aldersrekord i dame 45-49 år. Siste pallplassen gjekk til Guro Elizabeth Strindeberg, Drammen Strong, 49:04. Marie Smørdal Hjelle imponerte stort i klasse D12-13 år. Ho sprang inn på tida 51:07, som er ny aldersrekord i den klassa. 13 stilte til start i mosjonsklassa og 7 spreke barn deltok i barneløypa. Takk til alle som var med, og ekstra takk til mannskapet som stod for tidtaking på toppen. At dei heldt ut der opp i fleire timar, er rett og slett stor prestering. Skigruppa går for nytt arrangement til neste år. Vi håper på litt betre vêrforhold ved neste høve.

Om løpet

Program for dagen

10:00 – 12:00

Start trim og familie

12:00

Start konkurranseklasse

12:30

Start barneløype

14:00

Barneleikar ved Eid stadion

15:00

Premieutdeling

Hjemmeside

Hjemmeside Facebook

Høydeprofil

Værmelding

Flere resultater