Startlister, informasjon og resultater fra Volda Bakgårdsultra som arrangeres lørdag 17. oktober 2026.
Volda Bakgårdsultra 2026
2. utgave
Dato
17. oktober
Sted
Volda Stadion – Møre og Romsdal
Startliste
Resultater
Om løpet
Er du klar for å teste grensene dine?
Velkommen til Volda Bakgårdsultra – eit backyard ultra-konsept der du kjemper mot både klokka og deg sjølv. Vi køyrer 12 runder, startande kvar heile time, i tråd med det klassiske backyard-konseptet.
Traseen er om lag 6,7 km per runde, slik at 12 runder gir deg 80,4 km totalt. Traseen vil bli litt endra samanlikna med løpet i 2025, men vil vere like lang. Fullfører du ei runde innan timen, stiller du til start på neste.
Stad: SpareBank 1-hallen, Volda Stadion – med tilgang til innandørs opphaldsrom, toalett og publikum/support.
Dato: Laurdag 17. oktober 2026 (foreløpig dato)
Starttid: Kl. 08:00
Runder: 12 x ca. 6,7 km – med start kvar heile time.
Dato: Laurdag 17. oktober 2026 (foreløpig dato)
Starttid: Kl. 08:00
Runder: 12 x ca. 6,7 km – med start kvar heile time.
Dette er eit løp for alle – både for deg som vil prøve å fullføre alle rundene, og for deg som ynskjer å teste kor mange rundar du klarer. Det viktigaste er å stille på startstreken kvar time – kor mange rundar du vil springe, bestemmer du sjølv.
Vi aukar deltakargrensa til 150 deltakarar. Grunnen til at vi ikkje aukar med meir, er at vi ynskjer å lage eit godt arrangement for alle deltakarane. For mange deltakarar kan fort gå utover kvaliteten, og vi vil heller ha eit løp der alle får ei god oppleving.
Det vil fortsatt vere første løpar i mål på siste runde som blir utnevnt som vinnar – ei løysing vi meiner ligg nærast det originale backyard-konseptet. Samstundes ønskjer vi å imøtekome dei som set pris på premiering for fart: raskaste kvinne og mann totalt vil difor også få premie.