Lignende saker
I pausen i 16. mai-kampen mellom Førde og Florø i kveld skal det løpes 3000 meter med mange av Norges beste til start.
Pauseunderholdningen i lokaloppgjøret mellom Førde og Florø i 3. divisjon avelding 2 blir altså av det raske slaget når store deler av norgeseliten på 3000 meter stiller til start på tartandekke rundt gressmatta på Førde stadion. Kampstart er kl 18.00. Du kan se oppgjøret og løpet på Direktesport.no (krever abonnement).
Startlisten er som følger:
- Håkon Moe Berg (17) frå Kyrksæterøra IL. Førre veke sprang han inn til 8:01:78 på 3000 meter. Det er berre Jakob Ingebrigtsen som har sprunge raskare som 17-åring i Norge, då han sprang på tida 8:00:01 i 2017. I 2018 tok han 4.-plass i U18 EM, og i fjor hadde han også beste tid for alderen i Europa på 1500 m.
- Mathias Flak (24) frå Steinkjer friidrettsklubb. Hans personlege rekord er 8:04.40 på 3000 meter. Han tok også ein 5.-plass i nordisk meisterskap i terrengløp for senior i 2022.
- Even Brøndbo Dahl (28) frå friidrettsklubben Orion. Han kan vise til NM-gull på 1500 meter for seniorar i 2022. Hans rekordar er 3:40.04 på 1500 meter og 8:00.55 på 3000 meter.
- Kristoffer Sagli (23) frå Aure Idrettslag. Kan vise til 8:03.00 på 3000 meter, og har også to sølvmedaljar frå junior-NM i 2022.
- August Da Silva Sveen (19) frå Jotun IL. Han har to aldersrekordar i Sogn og Fjordane på 3000 meter for G17 og G18.
- Eivind Trym Wikshåland (26) frå IL Gular. Hans personlege rekord på 3000 meter er 8:06.58.
- Sondre Arne Hoff (30) frå IL Gular.
- Abdullahi Hassan Ali frå Tjalve IL.
- Marius Øyre Vedvik (31) frå IL Gular. Krinsrekordhaldar på 3000 meter, 5000 meter, 1 times løp og 20.000 m i Hordaland.
- Eivind Øygard (31) frå Jølster IL. Krinsrekordhaldar på 3000 meter i Sogn og Fjordane
3000 meter Førde 16. mai